Fjordsteam

MS Sunnhordland set kursen mot Bergen 5-9 august, og blir ein del av Fjordsteam 2026

MS Sunnhordland

Fjordsteam 5-9 august

5-9 august

Bergen

MS Sunnhordaland er deltakar på Fjordsteam 2026 i Bergen, Europas største festival for levande kulturarv.

Under festivalen vil det historiske veteranskipet vere ein del av ei imponerande samling av verneverdige fartøy frå heile landet. For mannskapet og venelaget er deltakinga ei viktig markering av den maritime historia vår, og ei moglegheit til å visa fram skipet for eit stort publikum. Samstundes er Fjordsteam ein møteplass der entusiaster, frivillige og publikum kan dela kunnskap, erfaringar og engasjement for bevaring av den maritime kulturarven.

Fjordsteam vert arrangert i Bergen kvart fjerde år og samlar historiske skip, dampskip, veteranbussar, tog, trikkar, fly og andre kulturhistoriske køyretøy i eit levande festivalområde rundt Vågen og Bryggen. Festivalen går føre seg 5.–9. august 2026 og er den største frivillig drivne kulturarvsfestivalen i Bergen, med titusenvis av besøkande og eit rikt program med utstillingar, foredrag, handverk, konsertar og opplevingar for heile familien.

Rutetider

Meir informasjon kommer…

Oversikt over dine bookinger

Kontakt oss

Leige av skipet

Type leige

Overnatting

Kontakt oss

M/S Sunnhordland kan bestillast til kortare eller lengre turar, og mange ulike arrangement.

Med stort selskapslokale, matservering og alle rettigheiter og moglegheit til å både overnatta og reisa så er båten fleksibel til det meste av bryllaup, jubileum, firmafestar, mindre samlingar og mykje meir.