Historien om MS Sunnhordland: Frå 1943 til i dag
Få skip har ei historie som er like variert og dramatisk som MS Sunnhordland. Skipet er eit levande kulturminne som gjennom åtti år har delteke i krig, vore vestlandskystens livsnerve og skapt opplevingar for turistar i Finskebukta.
Frå ubåtjagar til norsk bauta (1943–1949)
Historia til MS Sunnhordland startar langt vekke frå Sunnhordland og norske fjordar. Skipet vart bygd av den amerikanske marinen i Chicago, USA i 1943. Namnet var USS PCE-830, og skipet var ein del av krigsinnsatsen.
Under 2. verdskrigen tente MS Sunnhordland for den britiske marinen og hadde heimehamn på Gibraltar. Skipet vart nytta som eskortefartøy og ubåtjagar langs vestkysten av Afrika fram til krigen tok slutt.Det var Hardanger Sunnhordlandske D/S som kjøpte skipet og fekk det til Noreg i 1947. Det vart bygt om til bil- og passasjerferje ved Bergen Mekaniske Verkstader i 1948.
Vestlandskystens livsnerve (1949–1974)
Som MS Sunnhordland vart skipet eit symbol på modernisering og framgang på Vestlandet. Med plass til 13 bilar, 780 passasjerar og gods gjekk det i fast rute mellom Bergen, Stord, Tittelsnes, Ølen, Etne, Skånevik og ytere Kvinnherad hovudvegen mellom byen og omlandet.
Båten var flittig brukt både av næringsliv og rivatpersonar.
I denne perioden var MS Sunnhordland kjend for høg komfort og god service. For mange er dette den sanne storheitstida, då skipet var ein flytande møtestad for lokalsamfunnet.
Cruisefart og grunnstøyting i Finskebukta (1974–2016)
Våren 1974 vart skipet selt, bygt om til cruiseskip og fekk namnet MS Kristina Brahe. I nesten 40 år opererte cruiseskipet i Finskebukta mellom Helsingfors, Leningrad og Tallinn.


Ein kjærkomen heimkomst (2016–no)
Etter fleire tiår i utlandet vende skipet heim til Noreg i 2016. Visjonen til dei nye eigarane er å ivareta den historiske ånda til skipet, og samstundes gi det nytt liv. I dag er MS Sunnhordland eit verna veteranskip og eit unikt senter for opplevingar.
MS Sunnhordland er meir enn eit historisk objekt du kan betrakta på avstand – denne historia kan du overnatta i og ta inn med alle sansar.
Frå ubåtjagar i krig til Vestlandets livsåre har MS Sunnhordland vorte eit unikt historisk reisemål.
Opplev historiens sus i varme omgivnader, anten du vel ei minnerik natt i ein av våre lugarar, ei kulinarisk oppleving i restauranten eller set ramma for di neste store feiring. Me ynskjer deg velkomen om bord!






















