Julebord

Opplev ei stemningsfull førjulstid i historiske omgjevnader om bord på M/S Sunnhordland. Vi dekkjer til tradisjonelt julebord med fokus på kortreiste råvarer og gode smakar. Her skapar vi den lune julestemninga som berre eit veteranskip kan tilby.

Kontakt oss

M/S Sunnhordland kan bestillast til kortare eller lengre turar, og mange ulike arrangement.

Med stort selskapslokale, matservering og alle rettigheiter og moglegheit til å både overnatta og reisa så er båten fleksibel til det meste av bryllaup, jubileum, firmafestar, mindre samlingar og mykje meir.